31.5.07

Bryllaupsfest i barnehage

Det er sumar ute, og me hadde fest i barnehagen - dedisert den vedunderlege årstida me lever i nett no. Den trykkjande, klamme vart ikkje til regnver likevel; foreldre og born dansa i lufta i staden for dropane. Alle kamera klare i stolte hender



virvlar av

kjolar
rutete skjorter, sixpence

brurefylgje
born som var redde for å gå i fylgjet
born som var redde for fylgjet
born som lo medan dei sprang bortover uteplassen, hand i hand

kake i handa
kake i munnen
kake på kjolen
eller på sixpencen

ja, ta eit stykke til, ta to
!

sommarfuglar
blomar
ljos

herleg sommarljos

14.5.07

små rørsler i verda

å -

eg er litt redd akkurat no

men eg har Sondre Lerche her med meg;
"oh, this could be magic after all..." Kva? Meg og deg? meg og kven?
og eg har datamaskina som varmar handledda mine
ikkje at det hjelper meg så mykje når det eg eigentleg skulle varma fingrane, augo og hovudet på, er referat, samandrag og informasjon om ein del ulike organisasjonar som skal på arbeidsutval i morgon tidleg klokka 09.00
saman med meg
kor lita kan ein klara å gjera seg i eit møtelokale, skal tru
skyene har minst tjue ulike fargar akkurat no
i går fekk eg ikkje sova før eg hadde gløtta på gardina så eg vart mindre åleine, og akkurat der i gløtten var den største stjerna på heile himmelen, sånn sett frå jorda; kanskje den einaste i går natt, kva veit vel eg?
eg falda hendene