15.1.07

....i Kristianias gater... (snart!)

Eg må berre informera om at eg kjem til Oslo tiiiidleg om morgonen 26. januar. Heilt åleine. Klokka halv sju om morgonen. Lurar på korleis hovudstaden er så tidleg. Han er sikkert full av liv, med eit og anna bós av plast som fyk som om det skulle hatt englevengjer; med eit og anna andlet som lurar på kven eg er mellom dei tusen som går forbi på veg til jobb; med ei og anna dame med hund på armen, og ein og anna mann med knekkebrød i skjegget -

Nei, eg har ikkje vore i Oslo før, eg. Så ikkje spør meg. Eller; spør meg. Men ver klare for eit fantasifullt svar.

Så håpar eg at eg finn nokre kjende der...

13.1.07

Laurdag på Toft

Eg leitar etter bustad i Bergen.
Henning og Maren har ete frukost; eg høyrer Henning i stova, han skal sikkert av garde ein stad, men ikkje enno, tenkjer eg.
Mamma vekte meg i dag (-eg var vaken allereie-) med to nye annonsar som eg skal sjekka - snillingen.
Pappa spleisar krepseteiner over heile stovegolvet; eg trur han kosar seg, eg.
No er Maren der med Henning, òg.
Eg leitar etter bustad. Ja liksom. Eg skriv jo blogg.


I natt drøymde eg at eg var gravid igjen. Så fekk eg ungen, og neste dag reiste eg på eit stort supermarked, der eg sjølvsagt ikkje brukte så lang tid på å mista den vesle jenta. Og eg klarte ikkje finna henne att, for eg hadde ikkje gjeve henne noko namn, og slik kunne eg ikkje ropa på henne... Ho var ein dag gamal. Hjelpe mi tid.




today
the "semikolon" will take you somewhere new.
and how will you respond?

Etiketter: