3.9.06

Eg lengtar, å, som eg lengtar, men akkurat no kan eg ikkje seia kva det er,
eller kanskje eg kan,
men eg vil ikkje - for her sit eg, midt i noko eg ikkje veit kva er. Og det er ikkje noko stort, men det er slett ikkje lite; eg er langt vekke og eg er midt i det

eg har ikkje noko å seia
og det er slik livet er og somme stunder tek det ein med djupare enn vatn kan gå. kva er så livet? Livet er det ein vil, det er
akkurat
det ein vil og likevel sit eg visst utan ord
alltid

livet er noko skrøpeleg, men det er slett ikkje kjøpt på ikea eller nille
vel? det kan fyllast med så mykje; kan det tømast? har det kantar og kvar er dei? kvar er kantane, kvar er eg