19.3.05

sjelespel

Tenk deg at nokon du likte godt brått snudde ryggen til deg.

Det einaste du no veit er at to menneske har blitt til nokre andre, og at ein av desse er ... deg sjølv? To menneske. To - og du kjenner ikkje nokon av dei lenger.

Så grev du djupt i lommene for å sjå om det kan ha blitt plassert ein lapp der nede, utan at du merka det. Ein lapp som fortel at det heile er eit spel. Signert med eit smilefjes og ei stjerne.

Du kan ikkje leita djupt nok. Enno kan du ikkje slutta.

Og heller ikkje veit du. Var det verkeleg denne andre som snudde seg fyrst?