2.10.04

Om å ha hender

Nokre gonger trykker ein handa si mot ei anna. Av ulike grunnar, sjølvsagt. Kanskje vil ein handhelsa. Kan henda skal ein leia ein liten unge, eller ein annan ein er glad i, over ein veg eller gjennom ein park. Somme bryt handbak med raude andlet. Ei skjelvande hand dreg eit hjelpelaust menneske inn over kanten på eit endelaust stup, og ein annan stad triumferer eit smilande par i "gimme five!". Hender kan trøysta, hender kan slå.
Har du prøvd å halda di eiga hand over den andre? Du har to slike underlege fingerfeste. Det prikkar når ein stryk over tynne hår, og det kiler når nagler treffer linjene på innsida. Og så kan ein trykka litt ekstra - då kjenner ein beina som flyttar på seg, att og fram, og berre er der, innom skinn og kjøt og blå blodårer. Ein kan trykkja så det rett gjer vondt. Eller ein kan lata vera. Ein kan bita nagler, så ein får ein, tja, annan fasong på tuppane, og ein kan bita seg til blods. Eller ein kan falda hendene saman, så ein får eit mønster som liknar små, villfarne slangar-