27.9.07

Eg er glad i deg likevel!

Eg var forelska i Bjørn Dæhlie då eg var lita. Eg og han skulle bu i eit hus med treveggar og snø utanfor; eg skulle bita i meg at eg ikkje likte snø, for det viktigaste var jo at me var glade i kvarandre. Eg skulle vera heime og laga middag medan han var ute og gjekk på ski. Eg skulle vaska huset, og det skulle dufta herleg grønsåpe i trapper og rom. Når han kom heim skulle han seia at det lukta fantastisk, og spørja om eg hadde hatt ein fin dag. Ja, skulle eg seia, har du? Gjekk det bra i VM i dag, eller? Jada, det gjekk heilt greitt nok, eg fekk sølv. Å ja, men det er jo kjempebra, skulle eg svara; eg er jo glad i deg likevel!

Bjørn Dæhlie fann meg aldri, han.

Jaja.

2.9.07

"1905 i norsk historie - Minner og myter"



I rollene:


Benedikte Fjellanger Vardøy

1238 ord - rekrutterer stadig

Ein blå, bohemsk kaffikopp

Friele Instant

Nescafé Latte og

5 skeier o'boy

14 timar

10 minutt