6.4.07

Han hadde ru hender, som om han hadde arbeidd hardt og lenge. Ho forstod ikkje dette, same kor mykje ho tenkte på det, for i tankane hennar hadde han vore svak og liten. Fingrane hennar tappa mjukt mot handflata hans; skjelvande, likevel -

"Slik skal du trykka mot tangentane. Då kjem tonane akkurat slik du vil ha dei."

Det var musikk i alt han var.

Men det kunne ho jo ikkje seia til han.

1.4.07

Og der inne bur det eit menneske

... prøv ein gong til, Daniela. h - u - s --- det blir "hus"
Veronica, eg ser opp til deg, veit du det? veit du at du er super?
Rosa, kjære Rosita... tårene dine
du er jo så lita…
eg vil så gjerne gje deg ein ven, Alexis
ikkje græt, Noemi
sjå på meg Miguel - for nokre galne auge du har!
og sjå, kor det strålar av dei!
ta vare på veninnene dine, Kerly, du er så god, så tøff, så
... sårbar?
jau då, det klarar du, Britny
vil du visa meg grisen din, Edwin? Den du har i hagen?
eg vil gjerne sjå han, så kan me le saman
nei, José, mor di kjem ikkje til å slå deg - ingen skal slå deg nokosinne
Yuri; ikkje ver trist,
du er så flott, vesla
kva gjer du på no, Fausto?
og Paola, kva gjer du på?
Panchin,
Pequi,
Israel,
Michelle
ROSA! Kvar er du? Rosa!
Rosa...
ikkje reis vekk, Rosa...
Vesle-Michelle... vesle prinsesse
livet syner oss så mange flotte menneske