15.1.05

Verda og eg

Somme gonger blir ein så ordlaus og fin. Når veret er bra, når veret er dårleg, når veret er utan ende -
Då er det som ein brått ikkje er seg sjølv. Ein har ikkje lov til å fortelja vinden korleis den skal blåsa. Ein kan ikkje seia til sola at ho er vakker, og slett ikkje hysja på fuglane. Naturen veit best sjølv, og ein skal lytta. Lytta til alt som heng under skyene; til kvar mark som løyner seg i jorda, til deg, til barnevogna som trillar mildt forbi, til eigen pust og til æva. Æva, kva er vel den? Ein lyt stogga og sjå - kan ho finnast nett her?, om så ein ikkje har tid i det heile.
Midt i denne trengjande ordløysa - der er det ein finn ord. Det er det sjølve løyndomen ligg.