15.1.07

....i Kristianias gater... (snart!)

Eg må berre informera om at eg kjem til Oslo tiiiidleg om morgonen 26. januar. Heilt åleine. Klokka halv sju om morgonen. Lurar på korleis hovudstaden er så tidleg. Han er sikkert full av liv, med eit og anna bós av plast som fyk som om det skulle hatt englevengjer; med eit og anna andlet som lurar på kven eg er mellom dei tusen som går forbi på veg til jobb; med ei og anna dame med hund på armen, og ein og anna mann med knekkebrød i skjegget -

Nei, eg har ikkje vore i Oslo før, eg. Så ikkje spør meg. Eller; spør meg. Men ver klare for eit fantasifullt svar.

Så håpar eg at eg finn nokre kjende der...

4 Comments:

Blogger Gunhild Marie said...

du kanj godt få finnj me :) glee me!

16 januar, 2007  
Blogger Madelen said...

Du kan godt få finne meg og:) Je har visst nesten fri den dagen....så det!

18 januar, 2007  
Blogger Kristine said...

Du kan ikkje godt finne meg, for eg er ikkje der...!
Men eg skal og snart utforske Oslo, eg har nemlig heller nesten ikkje vore der:)

Men eg håpar å finne deg igjen i Bergen i vinterferien, for eg har bestilt tur heim i slutten i februar!

God søndag!

21 januar, 2007  
Anonymous Anonym said...

Heiiii! Benedikto..du det er jo sånn skikkeli Os-ending det!! Jaja! God natt:)

31 januar, 2007  

Legg inn en kommentar

<< Home