19.3.05

sjelespel

Tenk deg at nokon du likte godt brått snudde ryggen til deg.

Det einaste du no veit er at to menneske har blitt til nokre andre, og at ein av desse er ... deg sjølv? To menneske. To - og du kjenner ikkje nokon av dei lenger.

Så grev du djupt i lommene for å sjå om det kan ha blitt plassert ein lapp der nede, utan at du merka det. Ein lapp som fortel at det heile er eit spel. Signert med eit smilefjes og ei stjerne.

Du kan ikkje leita djupt nok. Enno kan du ikkje slutta.

Og heller ikkje veit du. Var det verkeleg denne andre som snudde seg fyrst?

3 Comments:

Blogger Gunhild Marie said...

hjælp, du beskriv jo MINE tanka, så e ikkje greie å beskriv sjøl.. psycho
du e døkti

30 mars, 2005  
Anonymous Anonym said...

Hadde akkurat den følelsen på bildøy i år, og fant ut at det ikje var noe spill. Drit kjipt,men sånn e verden. Men du e skal desverre ikje opp til GF, for e skal være hjemme å slappe av, skal heller prøve å reise rundt å besøke folk, det virker gøyere.

09 juli, 2006  
Anonymous Anonym said...

Lurte på en ting du skreiv inne på bloggen min på dikt å sånn, men e skjønte ikje heilt har du eit døme?

25 juli, 2006  

Legg inn en kommentar

<< Home