24.4.08

Ho saknar deg. Ho har ein brei, solid vindaugskarm, og der sit ho om kveldane og stirer ut i inkjes. Ho fylgjer kvar einaste bil som køyrer oppover den skrale vegen mot bakketoppen. Ventar. Lyftar augo og gjerne hovudet òg, innimellom. Det er stor trafikk opp dit om kveldane; når ein ikkje har anna å finna på, reiser ein til byen, og for å vera ærleg, er det ikkje mykje som hender. Det blir mykje byfarting. For kvar bil som ikkje er deg, rissar ho inn ei linje i vindauget. Snart vil det vera umogleg å sjå ut.

10.4.08

Til ein moreld

Det var tidleg, og ute var det kaldt, så ho kjende fargen strøyma til kjakane. Ho var vaken allereie etter tre skritt ute i blesten, på veg til busstoppet. Det hadde ikkje vore noko å seia på svevnen den natta, så ho brydde seg ikkje med vinden; i det heile var det lite og inkjes å klaga på – korkje regna eller snødde det, og langs gatene var det strøydd med salt, så ho snubla ikkje og kom ikkje til å gjera det heller. Jau, støvlettane kunne oppført seg betre, men dei var då ikkje nye lenger, og det visste ho jo. Glidelåsen på dei gleid ned kvar gong ho drog han opp, og anten kunne ho gå og venta på å trakka skeivt, eller så kunne ho bøya seg ned og dra han opp kvar gong det vart bruk for det. Nei, i det heile var utsiktene til ein god arbeidsdag betre enn han hadde vore på lenge, sjølv om det var fire dagar til helg og det kom til å verta overtid. Mykje overtid.

Akkurat no kjende ho seg heil.

Det var fleire vegar ein kunne ta til busstoppet. Ho gjekk med lange, raske skritt mot trappa, der ein skoda utover heile byen, men ombestemte seg om lag midtvegs. Var der noko grunn til at ho skulle skunda seg? Slett ikkje. Bussen kom ikkje før om tjue minutt, og for ein gongs skuld svarte dette garantert til god nok tid. Ho snudde, og såg opp mot kyrkjespiret der på toppen. Det ruva mot ein svart himmel. Byljoset hadde gjort himmelen stjernelaus, og det var kyrkja som var det sterkaste ljoset. Skulle ho tolka det nokon veg? Ho flirte av seg sjølv. Det kunne i så høve anten vera til fordel eller til ulempe for kyrkja; Tok kyrkja ljoset frå himmelen, eller var ljoset frå kyrkja snarare noko positivt? Det var eigentleg det same for henne. Ho forsikra seg om at trappa ikkje var glatt, og så gjekk ho, litt meir varsamt enn til vanleg, men beina var likevel langt frå skjelvande. Nede ved butikken svinga ho allereie mot høgre, og heldt fram til ljoskrysset. Så fylgde ho hjørnet på venstre side, og var inne i bussgata.

På busstoppet vart ho ståande og venta ei stund, slik ho hadde planlagd. Kiosken ved sida av henne var open, og ut av han seiv lukta av pølser og smågodt. Heldigvis hadde ho ete før ho gjekk – nok til å stå imot alle slags lovnadar om velsmak i munnhola.

Det var mange som skulle med bussen; dei fleste var ungdommar; dei kunne vera tre-fire år yngre enn henne, og skulle nok på skule. Sjølv om dei sikkert hadde busskort, flokka dei seg kring framdøra. Då ho kom inn, var det menneske i mest alle seta; det einaste dobbeltsetet der det ikkje sat nokon var på andre rad, så ho skunda seg å løysa billett. Ho kjende bussjåføren, utveksla helsingar, gløymde å seia godt nytt år, ho hadde ikkje sett han sidan før jul, og gjekk for å setja seg.

Ho såg han allereie då ho lyfta blikket frå lommeboka. Han sat på tredje rada; han hadde briller, mørkt hår og var gullbrun i huda. Ho kasta eit kjapt blikk på han og såg vekk. No var bussturen øydelagd; ho kom til å tenkja på han heile vegen – kor han hadde augo, kor snill og god han såg ut, han som var botnlaust nydeleg, og den sprø tanken på at det ho hadde mest lyst til, var å flytta seg og setja seg ved sida av han –

Ho torde ikkje gå forbi han, slik ho visste at ho eigentleg skulle ha gjort, men sette seg på det setet ho hadde sett seg ut, det einaste ledige. No var ho fanga.

Det vart slik ho hadde førestelt seg, om ikkje verre. Ho kunne ikkje hugsa at ho hadde tord å festa augo på ein gut i spegelen før – eller noko som i kva for ein grad som helst måtte minna om ein spegel, men no sat ho her og stirde, stirde og stirde i glaset som reflekterte det som var bak – stirde på den vakraste guten ho kunne førestelt seg. Og ho tenkte at no, no stirer han attende. For slik såg det ut, når ho berre ynskte seg det nok.

Og ho vart kvalm av bussturen, for ho såg ikkje eigentleg fram, berre i spegelbiletet i glasruta, og då ho trekte i snora for å stogga bussen, slo ho augo ned for liksom å samla tinga sine, som ikkje hadde vore anna enn ihopsamla heile vegen. Med det same bussen stogga, reiv ho seg opp frå setet og gjekk med faste, harde skritt ut framdøra. Slik sleppte ho å treffa blikket – det ho hadde blitt blenda av ein slik tidleg morgon. No skulle ho ikkje sjå han att. Nokosinne. Ho var ute. Og det var nok det beste for henne, for er det noko ein kan bli galen av, så er det slike vakre gutar som ein ikkje kjenner –

”Orsak?”, spurde ei djup røyst. Ho snudde seg, men det var til ein annan, og ikkje til henne, at orsakinga var meint. Det var guten på andre seterada som hadde tala.

Ho svimla. Han, som ho hadde bestemt seg for å aldri sjå på att, hadde gått av på det same busstoppet som henne, og han var på veg ned den same bakken. Han skal ikkje dit eg skal, han skal ikkje dit eg skal, bestemte ho seg for, og ho repeterte det for seg sjølv. Det var ikkje noko grunn til at han skulle på same arbeid som henne, her ikring var jo anna å ta seg til; her var jo minst eit par butikkar til, og anna, òg, må vita. Dessutan var det viktig; han måtte ikkje vera på veg til same arbeidsstaden som henne, for då kom heile dagen til å gå med til å titta, leita med augo, stira, glo. Det var ikkje sømeleg, og dessutan hadde ho tusen andre ting på jobben som var viktigare å få gjort enn å bli forført av ein framand gut.

”Veit du kor hagesenteret er?”

I neste augneblenk hadde ho, heilt automatisk, angrande i same augneblenken, snudd seg og smilt. Magen hennar husa dyr på flukt, verka det som, det hoppa og fauk der inne, og dei kræsja i navlen hennar; og medan ein del av henne fordømte heile situasjonen, var det ein stadig veksande del av henne som hadde lyst å bøya seg fram, og, ja... kyssa han...? Før den unge hadde fått noko svar, hadde ho teke til mæle; ”Eg kan visa deg”, sa ho; ”Eg skal opp på jobb dit sjølv”. Og ho lurte på om dei frostraude rosene i kinna hennar var synlege i halvmørkret, og om ho kledde dei.

7.2.08

Nordstjerne

Eg undrast over deg, slik eg undrast at himmelen skiftar fargar for
Du fortryllar meg,
slik det lette regnet som tek til å falla på nasa mi
samstundes som apekatten i treet mistar fotfestet, men heng
støtt
etter halen, fortryllar meg
Du hentar meg inn att, som eit rop som hentar meg inn att når eg har gått for langt bortetter langs endelause strender

Du skremmer meg, men eg veit ikkje kvifor, og hadde eg visst kvifor, hadde eg vel sagt det - hadde eg ikkje?

Du som varmar meg, slik tida varmar meg når ho står heilt i ro

Eg er der med deg ein augeblink.
Den neste er du borte.

Du bur i meg, høyrer du?
bu i meg

Og der skal du bu, slik
Nordstjerna
som gjev meg ljos og som eg gjev kulde,
bur i meg -

26.1.08

Takk

Snart er han framme; han ror og ror. Alltid snart framme, men alltid like langt ifrå. Det er ei gåte for han - men målet er innan rekkjevidd og han veit at det er det han må tenkja på.

Innimellom er det nokon som spør han kvar han skal,

og då stussar han og slepper årene. Då ligg hovudet i hendene hans i lange tider, og det einaste han fyller dagane med, er å sjå ut i lufta. I mellomtida gjer årene slik årer gjer når det ikkje er nokon som vaktar på dei; dei flyt av garde. Og det må jo årer få gjera, vel.

Medan han lurar på kva for eit svar som er bra nok til spørsmålet, legg han merke til at han har vorte åleine att, og han skrik, for liksom på denne måten å finna nokon som kan gje han årene. Han treng hjelp, det er krise, det er bråhast; årene mine er borte!

Det kjem båtlause folk, sommar som vinter, og rekkjer årene imot han. Somme er som skuggar; andre går mest på vatnet. Det er ikkje utruleg ein gong, for han veit at dei kjem. I varmt vatn og i kaldt vatn.

Symjetaka deira er langsame om vinteren. Dei ber mat og varm drikke på hovuda.

Til slutt får han alltid årene attende. Og så ror han vidare. Symjetaka blir borte i kjølvatnet; den korte pusten til mennesket bak han er nok snart på veg til lands att no. Augo hans glitrar og tankane hans kvernar berre om ein einaste ting: Det er ikkje langt att. Han må ro.

21.1.08

:)

Eg er rastlaus. Det er tid for ei kjærleikshistorie. Om postkvinna og den stakkars professoren i lingvistikk.

trommekvervel...


Mannen reiste seg frå sofaen og styrta mot vindauget, kast om kast. Ho hadde gått forbi, det var han heilt sikker på, sjølv om det ikkje var noko teikn til henne der ute. Eigentleg kunne han vel slett ikkje vita kvar ho var. Og det som verre var; ho kom ikkje til å koma attende til han.

Han hadde starta dagen med eit stort glas mjølk. Orka ikkje tenkja på frukost, berre nippa til glaset som om det var søt vin og dei var to der i stova. Mjølkesmaken breidde seg frå dentes til alveoli; den kvite, milde væska kjærteikna palatum og kviskra stilt til velum med det same ho rann forbi, og ho forsvann vidare ned eterøyret. Hjelpes. Sjølvsagt ville ho ikkje koma attende til han. Og kanskje var det like greitt. Kva kunne ein som han seia til ei som henne? "Vesla, når du blottar dentes; når labium dannar kurver som går oppover, då senkar velum seg hjå meg og alle dei nasale lydane eg ikkje trudde fantest, slepp ut i ein einaste lang regressiv luftstraum". Han ville trenga tolk. Og det hadde han ikkje råd til. Han sukka.

Kunne dei ikkje berre leva eit liv i togne? Det var jo stort sett det dei hadde gjort heile tida. For det meste var det han som såg henne, og ikkje omvendt, og dei gongane dei vart konfronterte, var det ikkje store kommunikasjonen.

"Kan du signera her?"
"Jah... Det er nok bøkene mine, eg har lånt dei frå eit bibliotek i Sydney."
"Å ja."
"Ja, den teknologien i dag - det er ikkje grenser for kva ein kan gjera. Eg sender bøkene attende når eg har lest dei, og kan til og med utvida lånetida - på internett."
"Å ja. Ha det bra."
"Takk i like måte."

Jau då, han vart visst litt meir flørtete kvar gong. Det var kanskje det som hadde skremt henne.

Han kunne leva med denne mangelen på konversasjon. Og han hadde ikkje høgare tankar om seg sjølv at det han klarte, det måtte andre òg klara. Alle andre. Difor ville ho nok klara å leva med han. Neste gong skulle han spørja henne om nettopp det; om ho ikkje var einig.

Etter frukosten hadde han teikna henne. Punktum, punktum, komma, strek. Professorens vakreste lek. Så hadde han sleika på eit frimerke og plassert det på munnen hennar. You may kiss the bride, sa han til seg sjølv, og lo; hø hø hø... Biletet hang over kjøkenbordet no; han hadde hengt det opp med post-it-lappar og ein teiknestift. Ho elska han, akkurat når ho hang slik og strålte.

Men ho kom ikkje til å koma attende. Så han raste mot vindauget når han meinte han høyrde henne; når dei tunge støvlettane hennar trakka forbi i vinterslapset, eller når dei postraude sandalane bar ei kvitrande sommarpostkvinne av garde.

Han gjekk ikkje på lesesalen lenger, så han lånte heller ikkje bøker frå framande land. Det gjekk månad etter månad, og tankane på å gjera ende på all plage tok til å freista han. Likevel visste han betre enn å gje etter for sine eigne freistnadar. Han hadde trass alt korkje tru på seg sjølv eller freistnadane sine.

Han var knust, og hadde vore slik så lenge at han hadde gløymt kva det var som gjorde det slik. For det meste sat han i det største mørkret han kunne få til å laga; ein fristad under to tepper som var spente opp mellom kjøkenstolane. Han åt inkjes meir enn det absolutt naudsynte, og
tok til å kviskra i staden for å prata.

Ein slik dag vart det for mykje for han. Etter all denne tida med berre kviskring tok han sats, og djupt frå lungene kom ein lyd som ikkje kunne vera anna enn eit hulk.

Han vart overraska sjølv, og spratt fram frå gøymestaden sin. Han hadde ytra ein stemt lyd, kanskje til og med - jau, vent litt; det var ein nasal! I same augneblenken bestemte han seg for å vera med i eit kor. Kva skulle han elles gjera enn å bruka livet sitt på stemte og ustemte, nasale og orale, midtre, bakre, framre språklydar i fantastisk sameining?

Postkvinna gjekk forbi vindauget i same augneblenken. Det var lenge sidan ho hadde vore innom hjå lingvistikkprofessoren, tykte ho. Veldig lenge. Ho sukka, og snudde seg vekk. Posttralla var tung i dag.

Men akkurat då hadde ikkje professoren tid til å sjå ut vindauget. Han sat på Internett og tinga bøker. Det var ulik leveringstid på dei, men dei ville koma i laupet av fjorten dagar, alle saman. Til fleire ulike tider, altså. Det var notebøker.

Og professoren kom knapt til å ha tid til å skriva under på fylgjesetelen dersom han skulle koma gjennom alt før koret starta opp att.

19.1.08

Utanfor går det ei dame med konsentrasjonen festa til mobiltelefonen; ho skriv melding til ei veninne og skriv at ho skal koma så fort ho kan, men når ho har pakka telefonen vekk, står ho heilt i ro lenge. Ho græt ikkje, men dersom ein fylgjer med lenge nok, kjem det til synes ei dirring i den nedste leppa hennar.

Så tek ho seg i det, og står heilt i ro att.

Ein augneblenk seinare er ho på veg vidare. Heilt borte ved vindauget kan ein sjå korleis den eine foten blir plassert framom den andre, og så den andre framom den fyrste, om att og om att, og kvar sene og kvar muskel dreg og dreg -

6.1.08

forelsking!

spreier seg utan at ein klarar å styra ho - har du prøvd, kanskje?
seier du høgre, seier ho venstre, set du deg ned, dreg ho deg opp, og du er ei dokke, visste du ikkje det? ho dreg munnvikane dine oppover til det gjer vondt og om det skulle gjera aldri så vondt, så merkar ein det ikkje eigentleg i rusa tilstand.