22.8.07

Sjå på meg, du - slik kan blikket mitt bli
noko som draumar kan spegla seg i
No er det du som tek alt det eg kjende;

kvervlar meg rundt så eg endar i fall
- denne gong er det til lukka sin hall,
der du meg alltid, urokkeleg, leier

Der fossen gneldrar vil me høyra til
Vinden, den kyssar eg, så han blir still
Snur meg mot deg, medan villskapen teier

Eg byd deg å stupa, så tek eg imot;
fangar deg nede ved fjellet sin fot
Så skal me klatra i ukjende lende -

0 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home