21.3.07

Til det evige foraar

Eg kom til døra, og der stod du. Andletet ditt var fullt av mold og sand, og du var så klissete kring munnen at det til og med hang to-tre småsteinar fast der. "Har du freista å eta opp sandkassa?", smilte eg. Du såg på meg nede frå dørkarmen, med dei store augo og den heilt nye kjeledressen, den som gøymde nevane dine så det såg ut som om spaden hang fast i kroppen din, og gav deg saggebuksebein, men som du snart kom til å veksa i og veksa frå; du vaks så fort som du aldri hadde gjort. Du rista på hovudet. "Har ete makk." Så snurra du rundt og lente deg mot veggen på utsida. "Kjem du snart." Det var ikkje eit spørsmål; det var eit krav om at denne vaksne dama snart måtte skunda seg. Var det verkeleg mogleg å bruka så lang tid på å koma seg ut når heile jorda hadde vakna, og våren lokka fram store som små under? "Dessutan er det ei floge eg må visa deg. Ho har sete på benken der borte i sikkert tusen minutt."

2 Comments:

Blogger Mariemor said...

Så skjønt! :)

25 mars, 2007  
Anonymous Anonym said...

åh.

30 mars, 2007  

Legg inn en kommentar

<< Home