11.11.06

slik er det

Sjå på han, kor han lenar seg ut over rekkverket; han har vind i håret, han saknar deg. Han veit ikkje kor du er, for han torer ikkje sjå etter, han har gjort det før og då var det mest som om nokon såg han og lo. Vinden er ikkje berre i håret hans, den riv i heile skjorta og støttar han så han mest ikkje treng bruka beina. Og han nynnar, høgare og høgare; det blandar seg med vinden og ein høyrer det berre så vidt.

Du veit inkjes, du sit i stova og du ser at jorda er fylt av mørker. Bortom mørkret kan inkjes vera, seier du til pottene i vindaugskarmen - der, i natta, er det tomt og løynd.

Så snur han seg.

og så lèt du fingrane fylgja gardinstoffet, gardina er festa i ei sløyfe, du løyser sløyfa fort og gardina glid att

han har fått saltvatn i augo, det spruta ei bølgje opp, ho var høgare enn dei andre

du kjenner deg åleine

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

FINT! Belle-dikte:)

02 desember, 2006  
Anonymous Anonym said...

Sjå på han sjå din redningsmann

02 desember, 2006  

Legg inn en kommentar

<< Home