29.8.11

Om eg hadde kunna elska med ord, hadde eg ikkje elska. Men røysta mi elskar. Og orda mine elskar. Og blyanten eg fører, fører kjærleik. Og det må då telja.

Lat blyanten trykkja hovudet ditt med dei mjuke leppene, og dei sterke armane, og dei kantete tærne og leggane som er mest som sau å kjenna på, fast til papiret. Eg saknar dei så! Og her på papiret blir dei liksom nærare - meir verkelege, heilt tett inntil meg, på ein underleg var måte...

Blir dei ikkje?

Kvar er dei?

0 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home